Skatt og skatteoppkrevjar

Det er ikkje lenger er skatteoppkrevjar i kommunen. Skatteetaten har ansvar for skatteoppkrevjar-oppgåvene som kommunen har hatt tidlegare. 

Skatteetaten har eit samla ansvar for fastsetjing, all innkrevjing og kontroll av skatter og avgifter. 

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten er mellom anna:

  • Innkrevjing av restskatt
  • Skatt til gode
  • Tilleggsforskot
  • Forskotstrekk
  • Arbeidsgjevaravgift
  • Motrekning
  • Utleggstrekk knytt til skattekrav
  • Skatteattester
  • Konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift

For deg som har ei sak til behandling hjå Askvoll og Fjaler skatteoppkrevjarkontor, vert denne overført til Skatteetaten. Du vil få tildelt ny saksbehandlar/kontaktperson.

Kommunane har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.
 

Har du spørsmål?

Då må du ta kontakt med skatteetaten. På heimesida til skatteetaten kan du finne svar på mange spørsmål, søknader, bestilling av utskrift, klage mm. 

Finn ut meir på Skatteetaten.no