Fjaler eldreråd

Eldrerådet er eit rådgivande organ som skal bidra til å sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverking i saker som gjeld eldre.

Dette er medlemmane i Fjaler eldreråd 2024-2027

Medlemmar eldrerådet
Medlemmar E-post Vara
Hjørdis Åsnes, leiar hjordis46@hotmail.com Åsa Øvrebø Stav
Rolv Øen, nestleiar rolvo@online.no Reidun Enstad
Solbjørg Samdal, medlem sol.samdal@gmail.com Johanna Vie
Jan Haugland, medlem jan.haugland70@gmail.com Atle Lyngstad Ness
Mark Taylor (MDG) mataylor@online.no Ståle Brattelid (V)
Fjaler eldreråd , fem medlammar - Klikk for stort bileteFjaler eldreråd

Oppgåvene til Eldrerådet:

Som rådgjevande organ vil rådet sitt fokus vere mot saker på eit overordna nivå, til dømes årsbudsjett, økonomiplan og kommuneplanar. Men eldrerådet skal også behandle saker frå andre einingar, til dømes frå helse og sosial, frivilligpolitikk, transport, kultur, idrett og andre aktuelle saker.

  • Rådet skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalene kan påverke utfallet i saka.
  • Rådet skal få orienteringar om aktuelle saker som er under arbeid i kommunen.
  • Rådet skal få tilbakemelding frå kommunestyret om saker dei har uttalt seg om.
  • Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei eldre i kommunen.
  • Ordføraren eller komitéleiar kan invitere inn medlemmer i møte i kommunestyret eller komité når det er høveleg for orienteringar og liknande
  • Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggast fram for kommunestyret.
  • Eldrerådet skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltpersonar.
  • Kommunestyret kan gi eldrerådet mynde til å fordele løyvingar

 

Kva ønsker rådet å arbeide med kommande periode?

  • Arrangere dagar med middagsservering i Samvirket.
  • Kino på dagtid.
  • Vere deltakar og pådrivar i arbeidet med reforma «Bu trygt heime».
  • Jobbe for å skape fleire aktivitetar i bygdene.
  • Lage informasjonsbrosjyre om aktivitetar i kommunen.
  • Arrangere helsedag for eldre.
  • Delta i kommunalt planarbeid, t.d. samfunnsdel, trafikktryggleiksplan, arealdel for Dale og Frivilligplan.
  • Ha fokus på digital hjelp for eldre, t.d. kurs eller anna aktivitet. 
  • Skape ein sosial møteplass i Samvirket. 

Reglement for eldrerådet

Leif Jarle Espedal
E-post
Telefon 57 73 80 50
Mobil 91 77 74 92
Kristin Rivedal Yndestad
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 81 03