Fjaler ungdomsråd

Ungdomsrådet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld barn og ungdom i kommunen. Rådet bestemmer sjølv kva saker dei vil kome med innspill på. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ.

Dette er representantane i Fjaler ungdomsråd 2023/24: 

  • Dale vidaregåande skule: Agathe Fristad Naustdal og Sara Schürholz Strandenes
  • Dingemoen skule: Ola Berger Follevåg og Thea Elid Sætenes Høivik
  • Våge skule: Emilie Nordnes og Miriam Kleppe
     

Ny leiar for ungdomsrådet er Sara Schürholz Strandene frå Dale vgs og nestleiar er Thea Elid Sætenes Høivik frå Dingemoen skule.

Koordinator for ungdomsrådet er Ingeborg Opdøl Tysnes, Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling.

Ordførar Leif Jarle Espedal vert kalla inn til alle møte og prioriterer å delta på desse.

Oppgåvene til Fjaler ungdomsråd:

  • vere kontaktledd for elevråda i kommunen og ungdomsorganisasjonar
  • vere høyringsinstans for kommunen i saker som vedkjem ungdom
  • vere eit bindeledd mellom ungdommen og kommunen der dei unge kan uttrykkje seg og utvikle seg politisk
  • tildele årlege budsjettmidlar etter eigne vedtak
     

Val av representantar til ungdomsrådet

Representantane i Fjaler ungdomsråd skal veljast frå Våge ungdomsskule, ungdomssteget på Dingemoen skule og Dale vidaregåande skule. Det blir valt nytt ungdomsråd kvart år.

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54
Leif Jarle Espedal
E-post
Telefon 57 73 80 50
Mobil 91 77 74 92