Råd for personar med funksjonsnedsetting

Rådet skal arbeide for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som gjeld for menneske med nedsett funksjonsevne.

Medlemmane i råd personar med funksjonsnedsetting 2024-2027:

Medlemmar i råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Medlemmar E-post Vara
Leonie Koning, leiar koningleonie@gmail.com Leif Henning Solheim
Mikael Milde milde@me.com Hilde Åsnes
Kjetil Ness (SV) kjetil.ness@politikar.fjaler.no Gunnhild Berge Stang (V)

 

Oppgåvene til rådet:

Rådet for personar med funksjonsnedsetting er eit rådgjevande organ for kommunen, og har rett til å kome med uttale i alle saker som gjeld for menneske med nedsett funksjonsevne. 

Rådet skal medverke til at sentrale og lokale retningslinjer og overordna politiske målsetjingar vert følgde opp innanfor ulike saksområde som vedkjem eller har innverknad på menneske med nedsett funksjonsevne. 

  • Rådet skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalene kan påverke utfallet i saka.
  • Rådet skal få orienteringar om aktuelle saker som er under arbeid i kommunen.
  • Rådet skal få tilbakemelding frå kommunestyret om saker dei har uttalt seg om.
  • Rådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Ordføraren eller utvalsleiar kan invitere inn medlemer i møte i kommunestyret eller utval når det er høveleg for orienteringar og liknande.
  • Rådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret.
  • Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltpersonar.
  • Kommunestyret kan gi Rådet for mennesker med nedsett funksjon mynde til å fordele løyvingar.

 

Reglement og lov for råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Leif Jarle Espedal
E-post
Telefon 57 73 80 50
Mobil 91 77 74 92
Kristin Rivedal Yndestad
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 81 03