Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Vaksenopplæringa har tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar gjennom introduksjonsprogrammet.

Om rett og plikt til opplæring

Innvandrarar med opphaldsløyve etter 2021 har rett og plikt til opplæring i minimum 600 timar. Av desse timane skal 75 timar vere samfunnsfag.

Meir om rett og plikt til norskopplæring finn du hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI)

Målgruppe:

Utanlandske personar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

  • asylantar
  • overføringsflyktningar
  • arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
  • personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse
  • familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg

Pris for tenesta:

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa - f.t. kr. 60,- pr time.

Slik søkjer du:

Du søkjer gjennom elektronisk skjema:

Send inn søknad om norsk/samfunnsfag opplæring for framandspråklege

Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 60
Mobil 90 18 46 80
Guro Osland Ness
Assisterande rektor og avd. leiar 5-7, Dingemoen skule
E-post
Telefon 57 73 80 72
Mobil 97 50 45 63
Jørn Dyrstad
Lærar vaksenopplæringa
E-post
Mobil 95 87 77 89
Florence Hamper
Integreringskoordinator
E-post
Telefon 57 73 80 59
Mobil 47 97 17 22