1. Logg inn på Helsenorge.no
2. Klikk på namnet ditt oppe i høgre hjørne
Bilete viser kor du finn namnet ditt på helsenorge.no
3. Gå til Profil og innstillingar → Kontaktinformasjon
Skjermbilete frå helsenorge.no: Profil og innstillingar -> Kontaktinformasjon
4. Sjekk at informasjonen om deg er riktig
5. Deretter vel du korleis du ynskjer å få varsel (sjå skjermbilde frå Helsenorge nedanfor) og kven som er din kontaktperson/pårørande.
Skjermbilete frå helsenorge.no viser varseloppsettvala ein har på helsenorge.no
Dersom du ikkje ynskjer varsel for kvar gong heimetenesta har vore hos deg, må du velje Obligatoriske varsler, dette er anbefalt for å unngå å få veldig mange varslar.
Hugs å lagre endringane som er gjort.
Fullmakt
Du kan gje fullmakt til andre digitalt på helsenorge.no eller ved å fylle ut papirskjema og sende per.post.
Fullmakt på Helsenorge:
1. Gå til Profil > Innstillingar > Fullmakter
Skjermbilete viser kor du finn Fullmakt på helsenorge.no
2. Gå til Gi ny fullmakt og legg inn namn og personnummer på den du vil skal bruke tenesta på dine vegne
Du kan også gje fullmakt ved å fylle ut papirskjema og sende per post. Skjema finn du på helsenorge.no eller ved å kontakte
eininga du mottek tenester frå.
Alle skjermbileta i denne artikkelen er henta frå Helsenorge.no