Hjelp til personar med demens

Dette er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. Ta kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon i nær relasjon. Vårt mål er å gje auka kunnskap, skape ein trygg og føreseieleg kvardag for den demensråka og deira pårørande.

Kva kan du få hjelp til?  

  • Vi kan komme på heimebesøk
  • Kartlegge personar med demens eller mistanke om demens
  • Etablere kontakt og samarbeide tverrfagleg med hjelpeapparatet (fastlege, heimetenesta, ergoterapeut, spesialisthelsetenesta)
  • Vurdere behov for tekniske hjelpemiddel

Kven er vi?

Ressursgruppe demens består av personar som jobbar innan helse og omsorg i kommunen. Vi har god erfaring med demens, og ynskjer å komme tidleg i kontakt med målgruppa.

Ta kontakt med oss dersom du er bekymra for deg sjølv eller nokon i nær relasjon. God oppfølging startar tidleg, nokre gongar før ein har fått avklart diagnosen.

Informasjonsbrosjyre ressursgruppe demens (PDF, 328 kB)

Kontaktpersonar

Ingrid Bjergene, sjukepleiar  
Telefon: 95 25 59 30  
E-post: ingrid.bjergene@fjaler.kommune.no

Oline Lindelid, sjukepleiar  
Telefon: 57 73 80 90  
E-post: oline.lindelid@fjaler.kommune.no  

Evy Solheim | Sjukepleiar   
Telefon: 57 73 80 90  
E-post: evy.solheim@fjaler.kommune.no