Velferdsteknologi

Dei fleste ynskjer å klare seg sjølv og bu lengst mogeleg heime. For å klare det, kan det vere behov for tilrettelegging av bustad og tekniske hjelpemiddel. Velferdsteknologi er teknologi som kan bidra til at du skal kjenne deg trygg heime, og meistre kvardagen betre trass sjukdom og nedsett funksjonsevne.

Teknologien varslar heimetenesta eller pårørande viss det skjer ei uønska hending, og kan dermed bidra til at du kan leve eit trygt, sjølvstendig og aktivt liv. 

Kva type alarmar og hjelpemiddel fins?

Det fins mange ulike typar velferdsteknologi, her er 4 hovudkategoriar:

  • Tryggleiksalarm
    Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Alarmen har du på deg heile døgnet, og med den kan du enkelt tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Når du trykker på alarmen, vil Alarmsentralen eller helsepersonell umiddelbart ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp til deg. Vi tilbyr både stasjonær og mobil tryggleiksalarm.
     
  • Digitalt tilsyn
    Vi tilbyr ulike sensorar som kan gje auka tryggleik i eigen heim. Det kan til dømes vere rørslesensor, dørsensor eller sengesensor som varslar helsepersonell eller pårørande ved uønska hendingar. 
     
  • Medisindispenser
    Dette er ein dosett som kan hjelpe deg å hugse å ta medisinen din til rett tid. Du får varsel når det er tid for å ta medisin, og viss medisinen ikkje vert tatt til avtalt tid, vil det gå eit varsel til helsepersonell eller pårørande.
     
  • Lokaliseringsteknologi/GPS
    Lokaliseringsteknologi er ei teneste for personar med orienteringsvanskar. Bruk av GPS gjer det mogleg å sjå kor ein person er viss når den som har GPS sjølv trykker på alarmknappen, eller etter avtale gjort med personen og eventuelt pårørande. Målet med tenesta er at personen med orienteringsvanskar, og pårørande, skal oppleve tryggleik, fridom, meistring og at ein er sjølvstendig. Lokaliseringsteknologi kan bidra til å oppretthalde ein aktiv kvardag.

 

Teknologi du kan kjøpe sjølv

Det kjem stadig ny teknologi på marknaden som kan gjere kvardagen lettare, og som kan bidra til at ein kan klare daglege aktivitetar på eiga hand. Dette kan gje deg ein lettare, tryggare og meir sjølvstendig kvardag. 

Her er eksempel på teknologi du kan kjøpe sjølv: 

  • Robotstøvsugar
  • Robotplenklippar
  • Ledelys som slår seg automatisk på i gangen når ein skal på toalettet om natta
  • KOMP når ein ikkje forstår seg på smarttelefon og nettbrett, men ynskjer å halde kontakt med familie og vener
  • Smarthusteknologi som styrer lys, ventilasjon osv.
  • Komfyrvakt
  • Tidsbrytar
     

Kven kan få velferdsteknologi?

  • du må bu i Fjaler kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg og meistre kvardagen betre
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp i akuttsituasjonar på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne
  • du kan få velferdsteknologi uavhengig av alder
  • det må vere mobildekning der du bur

Kva får du?

  • du får teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du skal kjenne deg trygg og meir sjølvstendig
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell eller pårørande
  • du får opplæring og informasjon

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva behov du har og kva du treng hjelp
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.
     

Søk om helse- og omsorgstenester

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva skjer vidare?

Når søknad er motteken, vil heimetenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukarrettighetsloven

Janne Øksenberg
Leiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 54
Randi Kyrkjebø
Fagutviklar
E-post
Telefon 57 73 81 28