Helsestasjon for barn 0–5 år

Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar på helsestasjonen med helsesjukepleiar og lege. Teneste tilbodet er gratis.

Kva kan du få hjelp til på helsestasjonen

  • De får innkalling til dei faste helsekonsultasjonane.
  • De kan kontakte helsestasjonen ved behov i opningstida.
  • Alle nybakte foreldre får tilbod om heimebesøk av jordmor kort tid etter utreise frå barselavdelinga. Helsesjukepleiar kjem på heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel, og overtek frå då av oppfølginga av barnet og familien.
  • Har de nyleg flytta til Fjaler med born under skulealder, ver venleg ta kontakt. Ved graviditet kontaktar de jordmor.
  • Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Snakk med helsesjukepleiar for råd og rettleiing. Helsestasjonen jobbar mellom anna med:
    • Førebyggjande psykososialt arbeid
    • Samarbeid om born med barnehagetilbod
    • Samarbeid om habilitering av born og unge med særskilde behov

Helsenorge.no

Helsestasjonen er kopla opp mot Helsenorge.no. Her kan du få oversikt over avtalane dine. Ved å gje fullmakt til sikker dialog med helsetenesta, får du automatisk varsel om time. Vi anbefaler å laste ned appen, det gjer det enklare å logge inn for å sjå meldingar og avtaler.

Gå til Helsenorge.no for å sjå gje fullmakt og sjå avtaler

Har du spørsmål? Ta det opp med oss på helsestasjonen neste gong, eller ring rettleiingstenesta til Helsenorge: 23 32 70 00

På Helsenorge.no finn du også oppdatert informasjon knytt til helse og livsstil, ulike helsetenester og helsehjelp. 


Information in English from Helsenorge.no

Here you will find an overview of some of the central health rights and services in Norway - Helsenorge.no
 

Helsestasjonsprogram

 

Andre nettsider med nyttig informasjon til foreldre

Kontakt oss:

Helsestasjonen ligg i underetasjen til Fjaler helsetun. Parkering og inngang på nedsida av bygget (mot fjorden).
Besøksadresse: Dalsvegen 81.
Du finn telefonnummer og e-post til helsesjukepleiar nedst i artikkelen.

Bente Gunn Melheim
Fagansvarleg helsesjukepleiar
E-post Bente.Gunn.Melheim@fjaler.kommune.no
Telefon 57 73 81 12
Mobil 97 74 28 54
Elin Heggheim Møller
Helsesjukepleiar
E-post Elin.Heggheim.Moller@fjaler.kommune.no
Telefon 57 73 81 22
Mobil 40 41 57 35