Kven kan få individuell plan?
Personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Tenesta gjeld for alle aldersgrupper.
Kva er ein individuell plan?
Individuell plan (IP) er eit planleggingsdokument som hjelper deg å sette personlege mål. Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla. Du og dine pårørane deltek aktivt i å lage planen, som skal gi oversikt over kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for. Det vert berre laga ein individuell plan dersom du sjølv ynskjer det.
Kommunen har hovudansvaret for å lage ein individuell plan dersom du har tenester frå både kommunen og spesialisthelsetenesta.
Retten til individuell plan finn du i pasient- og brukarrettslova.
Les meir om føremålet med individuell plan på helsedirektoratet sine nettsider
Koordinator
Du kan få oppnemnt ein koordinator. Koordinatoren skal sikre at du får nødvendig oppfølging og samordne tenestene, samt arrangere koordineringsmøte/ansvarsgruppemøte. Koordinatoren skal også sikre framdrift i arbeidet med ein individuell plan dersom du ønsker det.
Slik søkjer du
- I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du treng hjelp
- Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.
Søk om helse- og omsorgstenester
Fullmaktsskjema
Søknad sendast til
Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord
Kva kostar det?
Det er ikkje eigenbetaling for individuell plan og koordinator.
Kva skjer vidare?
Når søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lover og reglar
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator