Sjekk først om du må sende byggesøknad
På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:
Sjekk først om du må sende byggesøknad
Slik søker du:
1. Sjekk planar og reglar
Før du startar å bygge må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.
Planar og føresegner for din eigedom finn du her under "Finn planar".
2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge
Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedommen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit kart for å teikne inn kva du skal bygge. Situasjonskartet brukar du til å lage situasjonsplan for søknaden din. Bruk gjerne målestokk 1:500 eller 1:1000, og sett inn avstand til eigedomsgrense, veg og nærliggande bygg.
Bruk gjerne kommunekart når du lagar situasjonsplan, eller ta kontakt med teknisk avdeling for bestilling av kart.
Her finn du kommunekart.
3. Slik nabovarslar du
Når du har samla alle dokument du treng til byggesøknaden din, må du varsle naboar.
Frist for naboar og gjenbuar til å kome med merknad til nabovarsel er to veker. Du må då vente 14 dagar frå du har varsla naboar til du sender inn byggesøknad til oss. Dersom naboar har gjeve skriftleg samtykke til tiltaket kan du sende søknaden med ein gong.
For meir informasjon og rettleiing om nabovarsel, les direktoratet si rettleing for nabovarsel.
4. Send inn søknad
Finn alle søknadsskjema på direktoratet sin nettstad
Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet. Sørg for at du legg ved alle dokument og vedlegg som kan vere relevant for byggesøknaden din. Legg ulik dokumentasjon i separate vedlegg. Søknaden kan du sende skriftleg til kommunen på forskjellige måtar:
For å handsame søknaden treng vi følgjande:
- Søknadsskjema - avhengig av type søknad
- Eventuell dispensasjonssøknad
- Dokumentasjon for nabovarsel
- Situasjonsplan
- Teikningar (plan-, snitt- og fasadeteikningar)
- Eventuelle utgreiingar, eksempelvis rapport om skredfare
- Eventuelle uttalar/vedtak frå annan myndigheit, t.d. Arbeidstilsynet, Fylkeskommunen
- Eit følgjeskriv som skildrar kva du skal bygge
Du må sende inn teikning og situasjonsplan ved søknad når du skal gjere byggearbeid som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Det er viktig at kommunen får teikning av alle dei planlagde endringane/nybygg utforma slik at det er enkelt å sjå kva du søker om.
Sjå Krav til byggeteikningar
Sakshandsamingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker. Sakshandsamingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.
Desse årsakene vil kunne forlengje sakshandsamingstida di:
- Søknaden din er mangelfull og du må ettersende dokumentasjon
- Naboen din har merknad til søknaden
- Søknaden din må på høyring til offentlege instansar - t.d. Statsforvaltaren eller fylkeskommunen
- Stor saksmengde hjå din sakshandsamar
Før du går i gang må du vite litt om kor omfattande byggeprosjektet ditt skal vere. Har du eit mindre byggeprosjekt kan du ofte både byggje og søkje sjølv, medan i større prosjekt må du kanskje bruke fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen.
Kva skal du byggje?
Bygge utan å søke
Bygge og søke sjølv
Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest.
Korleis søke om ferdigattest og bruksløyve
Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent eller mellombels bruksløyve er innvilga, at du har lov til å ta i bruk bygningen. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon.
Send oss gjerne ein skriftleg førespurnad dersom du har spørsmål til søknadsprosessen, skjema, eller type søknad.