Justering av grenser

For å gjere eigedomsgrensene meir tenelege kan du søke om grensejustering eller overføre areal mellom eigedommar. 

Kva får du? 

  • Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa
  • Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen)
  • Du får tilsendt matrikkelbrev

Slik søker du

Bruk søknadsskjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning

  • Hugs at alle eigarar av involverte eigedommar må signere søknadsskjema. 
  • Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du via Fjaler kommune sitt kommunekart.
  • Eventuell verdivurdering for dei involverte eigedommane.

Send søknad til:

Føresetnad

Partane må vere einige om justeringa.

  • Arealet for dei involverte eigedomane kan justerast med inntil 5 % av den minste eigedommen sitt areal.
  • Maksimalt areal for grensejustering er sett til 500 m2
  • Ein eigedom kan ikkje avgjer areal som i sum (makebyte/fleire justeringar) overstig 20 % av arealet eigedommen hadde før justeringa.
  • Verdien på eigedommen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp på 1G

Kva skjer vidare?

Dersom søknaden blir godkjent, startar sakshandsaming og oppmåling. Saka er normalt gjennomført innan 16 veker frå søknaden er godkjent.

Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. 

For meir informasjon, sjå eiga side om oppmåling av eigedom:

Oppmåling av eigedom

Kva kostar det?

Her finn du betalingssatsar, gebyr og avgifter for kommunale tenester i Fjaler kommune.

Betalingssatsar, gebyr og avgifter i Fjaler kommune

Lov og forskrift

Leif Helge Rivedal
Ingeniør kart og oppmåling
E-post
Telefon 57 73 80 46