Vedtak om vertskommunesamarbeid i NAV

Sist veke stemte kommunestyret i Fjaler, Høyanger og Sunnfjord for eit vertskommunesamarbeid i NAV og i går gjorde Hyllestad det same.

NAV rustar seg for framtida ved å inngå eit vertskommunesamarbeid om tenester til innbyggararne og støtte til næringslivet. Organiseringa av det nye NAV Sunnfjord og Ytre Sogn tek til med det same. 

Eit klart premiss for organiseringa er at det framleis skal vere NAV lokale i alle kommunane.

Les pressemeldinga som vart sendt ut torsdag 2. mai (PDF, 106 kB)