Endringar på Fjaler kommune sitt sentralbord

Frå og med onsdag 15. april gjer Fjaler kommune endringar i sentralbordløysinga. Vi innfører tasteval som er opne heile dagen, og reduserer opningstida for det bemanna sentralbordet med éin time. Ny opningstid på bemanna sentralbord blir 10.00–14.00.

Slik fungerer den nye sentralbordløysinga

Når du ringer 57 73 80 00 vil du få lese opp ulike val avhengig av tidspunkt på dagen.

Desse vala får du på sentralbordet frå klokka 10.00–14.00

Du får fem val. Dei fire første er tasteval, og det femte går til vårt bemanna sentralbord.

  1. Teknisk kontor
  2. Helse- og omsorg
  3. Administrasjon
  4. Skule og barnehage
  5. Sentralbord (bemanna)

Desse vala får du frå klokka 08.00–10.00 og klokka 14.00–15.45

(til 15.00 i sommartid 01.05.-31.08)

I desse tidsromma får du fire tasteval:

  1. Teknisk kontor
  2. Helse- og omsorg
  3. Administrasjon
  4. Skule og barnehage

Kvifor gjer vi denne endringa?

Vi ønskjer å halde fram med å gie gode tenester til innbyggarar og andre som kontaktar oss. Nokre føretrekk å finne fram sjølve via tasteval, medan andre gjerne vil snakke med ein person på sentralbordet . Med denne løysinga kan vi møte begge behova. Hugs: Tastar du 5 mellom kl. 10.00 og 14.00 får du alltid hjelp av ein person.

Kontaktinformasjon på heimesida

På heimesida vår finn du alltid oppdatert kontaktinformasjon til tilsette som har kommunaltelefon knytt til si stilling: