Folkemøte om framtidig skulestruktur

Velkommen til folkemøte der du har høve til å kome med innspel til framtidig skulestruktur i Fjaler kommune. 

På møta får du informasjon om arbeidet med skulestrukturen og kan kome med innspel og synspunkt. Det blir lagt opp til gruppediskusjonar.

Tid og stad for dei fire folkemøta:

Merk at det har blitt nokre endringar i møtetidene frå det opphavlege oppsettet. Dette er dn oppdaterte oversikta:

  • Onsdag 16. september kl. 19.00 – Dingemoen skule
  • Måndag 21. september kl. 19.00 – Våge grendahus
  • Tysdag 22. september kl. 19.00 – Flekke ungdomshus (Vonheim)
  • Onsdag 23. september kl. 19.30 – Guddal grendahus

Program

  • Velkomst og informasjon
  • Innleiing ved kommunedirektør Ola Hovland
  • Gruppediskusjonar
  • Oppsummering i plenum

Ordførar Leif Jarle Espedal er møteleiar.

Informasjon om høyring av framtidig skulestruktur

På kommunen si nettside finn du informasjon om arbeidet med framtidig skulestruktur, mellom anna bakgrunn for arbeidet, rapportar, framdriftsplan og informasjon om høyringa.

Les meir om arbeidet med skulestruktur

Framlegget til framtidig skulestruktur er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 20. oktober 2026.

Les høyringa og finn informasjon om korleis du kan sende inn høyringsuttale
 

Vi håpar mange vil delta og bidra med innspel til den framtidige skulestrukturen i Fjaler!