Gjenbruket - gratis bruktbutikk

På Gjenbruk kan du levere kle, sko og leikar som du synest er i god stand og kan brukast om att. Her kan du og finne ting som du sjølv kan bruke. 

Her finn du oss:

Du finn Gjenbruket i Dale på gamle Fjaler ungdomsskule (FUS).  Adresse: Nikka Vonens Veg 36, første inngang mot Vevang, og opp ei trapp.

Opningstid for Gjenbruket:

Det er ope for både levering og for å finne ting som ein kan ha bruk for:

  • Tysdag frå klokka 13.30–14.30
  • Torsdag frå klokka 17.00-18.00.
  • Laurdag frå klokks 12.00–14.00

Obs. Opningstida til Gjenbruket følger skuleruta til Fjaler kommune.

Du kan sjekke skuleruta til Fjaler kommune her på heimesida til Fjaler kommune 

Kva kan du levere?

Du kan donere kler, sko og leiker. Det du leverer inn på vere heilt og reint. Vi tek ikkje i mot møblar.

Gjenbruket vert drifta av Integreringstenesta i Fjaler kommune.

Velkomen innom!

Plakat for Gjenbruk butikken. Teksten som står på plakaten står også i artikkelen. - Klikk for stort bilete