Utgreiing skulestruktur

På denne sida finn du informasjon om arbeidet kring utgreiing av skulestrukturen i Fjaler kommune

Bakgrunn for arbeidet med skulestruktur

Fjaler kommune har høgare skulekostnader enn andre kommunar som vi kan samanlikna oss med ("Kostra-gruppe 5").

Det siste halvanna åra har det vore arbeidd målretta med å redusere driftsnivået. Trass i dette manglar kommunen framleis fleire millionar kroner for å nå målet om eit anbefalt netto driftsresultat på 2 prosent.

For å sikre ei berekraftig drift og gode skuletilbod også i framtida, er det behov for ei grundig og kunnskapsbasert utgreiing av skulestrukturen. Som del av dette arbeidet har kommunen leigd inn konsulenthjelp frå Agenda Kaupang. Desse vil utarbeide ein rapport kring utgreiing av berekraftig skulestruktur.

Framdriftsplan for vidare arbeid med skulestruktur

  • 20.08.2026 - Ekstraordinært kommunestyremøte – Gjennomgang og tilråding til vedtak for høyring
  • 20.08 –20.10.2026 - Høyringsrunde som varer i to månader
  • 05.11.2026 - Formannskapsmøte med innstilling til endeleg vedtak
  • 19.11.2026 - Kommunestyremøte med endeleg vedtak

 

Endeleg rapport skulestruktur 

Styringsgruppa har i møte 13.05.26 handsama utkast til endeleg rapport frå Agenda Kaupang om skulestruktur i Fjaler kommune. 

Her kan du lese rapporten og sjå styringsgruppa si handsaming av saka. 

Mandat 

Kommunestyret vedtok i møte 11.12.2025 mandat for arbeidet med utgreiing av skulestruktur. 

Les saksutgreiing og vedtaket 

Styringsguppe for skulestruktur

Kommunestyret har nedsett ei eige styringsgruppe som arbeider med utgreiing av skulestrukturen. Styringsgruppa består av medlemmene i formannskapet, i tillegg til Kjetil Ness (SV) og Anna-Linnea Rundberg (uavhengig) frå kommunestyret. 

Oversikt over medlemmer i styringsgruppe for skulestrukturen

Møteplan for styringsgruppa

Møteplan for styringsgruppa (planlagde møte) 

Gjennomførte møte i styringsgruppa

Prosjektplan og konsulentfirma

I møte den 08.01.2026 vedtok styringsgruppa prosjektplan for arbeidet med skulestrukturen og valde Agenda Kaupang som konsulentfirma. Vedtaket var slik: 

004/26 Vedtak: 

  1. Agenda Kaupang vert vald som konsulent for utgreiing av skulestruktur, med KS Konsulent som alternativ dersom avtale ikkje kan inngåast. 
  2. Bestillinga til Agenda Kaupang vert justert slik at den eksplisitt omfattar: 
    a. Ei tidleg orientering til styringsgruppa om klassedeling og bemanningskonsekvensar av dei tre alternativa og dagens struktur, før detaljert utgreiing vert sett i gong. 

    b. Bruk av opsjon for teknisk tilstandsvurdering av skulebygga gjennom AS Bygganalyse, etter eiga bestilling frå styringsgruppa. 

    c. Eige delkapittel om konsekvensar for barnehage i Flekke dersom skulen vert lagt ned eller endra. Side 5 av 5. 

    d. Eige delkapittel som konkretiserer moglege kostnadsreduksjonar på Dingemoen skule, innanfor både drift, bemanning og arealbruk, uavhengig av kva strukturalternativ som vert valt. 

Med desse justeringane er Agenda Kaupang sitt tilbod best i samsvar med vedteke mandat, dei nye politiske presiseringane og den økonomiske ramma kommunestyret har sett av til ekstern bistand, jf kommunestyre sitt vedtak i sak 106/24. Det står att omlag kr 700,000 av løyvinga. 

Prosjektplanen vert vedteke slik den ligg føre.

Gjeldande prosjektplan

Prosjektplan for utgreiing av skulestrukturen (med framdriftsplan)

Analyse av dagens skulestruktur og førebels rapport 

Agenda Kaupang har gjennomført ei analyse av dagens skulestruktur i Fjaler kommune, og har utarbeidd ein førebels delrapport. Styringsgruppa fekk presentert analysen og den første førebelse rapporten i møte den 18.03.2026. 

Presentasjon Agenda Kaupang (analyse)

Førebels rapport utgreiing skulestruktur

Møte i styringsgruppa 18.03.2026 (innkalling, sakspapir og protokoll) 

Arkivsak 

I arkivsaka i innsynsløysinga på vår nettsida kan du lese dokument i saka om utgreiing av skulestrukturen: 

Arkivsak 2025/1844 - Utgreiing av skulestruktur - 2025 

Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
Telefon 57 73 80 60
Ola Hovland
Kommunedirektør
Kommunedirektør
Telefon 57 73 80 01