Musikal på Dingemoen skule

2. trinn

Sidan jul har 2. klasse øvd på musikalen “Vettene vinn”. Dette har vore eit tverrfagleg prosjekt, med faga norsk, musikk, naturfag og kunst og handverk. Dei har lært seg ni ulike songar, øvd inn replikkar til stykket, og laga kulissane sjølv. Musikalen handlar om å ta vare på naturen, og dei har mellom anna lært om allemannsretten og korleis ein kan ta vare på skogen vår.

Onsdag 6. mars var det endeleg tid for framsyning for føresette, sysken og andre inviterte. Dei laga suppe til middag, og heile 100 personar var påmelde til middag etter førestillinga.

Små og store var godt nøgde med dagen!

Sjå foto frå musikalen:

Elevar i 2. klasse på scena på Dingemoen skule - Klikk for stort bilete