Takk til Sparebankstiftinga Fjaler

Etter søknad frå elevrådet ved Dingemoen har Sparebankstiftinga Fjaler tildelt skulen kr 95.000 til utstyr til eit gamingrom knytt til ungdomstrinnet. Utstyret er no innkjøpt, og rommet vert ferdigstilt med det første.

Den nye skulen vart planlagd med eit slikt rom, men av budsjettgrunnar vart prosjektet skubba ut i tid. Midlane frå Sparebankstiftinga sette oss no i stand til å realisere planane. 

Elevrådet skriv i søknaden til Sparebankstiftinga at det er mange og gode grunnar til få eit slikt rom opp og gå – ikkje minst faglege og motivasjonsmessige, men òg relasjonelle, miljømessige og sosiale.  

Vi takkar Sparebankstiftinga Fjaler for å bidra til at Dingemoen skal vere ein framtidsretta skule med eit spanande og utfordrande læringsmiljø.