Workshop på UWC

Vi er så glade for at vi fekk komme på besøk på UWV der nokre stundentar hadde workshop om redningsarbeid. På grunn av covid har vi ikkje samhandla med UWC dei siste åra, så difor var det ekstra stas for elevane å få vere med på dette no. 

Nokre UWC-studentar har blitt kursa gjennom Røde kors og no fekk desse studentane prøve ut det dei hadde lært gjennom å vere instruktørar for elevane i Flekke. Dette var eit "search and rescue"-ppplegg der elevane fekk prøve å kommunisere via radio-samband, søke på ulike måtar i terreng og trene på ulike måtar å redde andre på. 

Både elevar og lærarar syns dette var både kjekt og lærerikt. Tusen takk for invitasjonen!