Fv 57 Strandanes - Holmeli, Dalsfjordvegen - Varsel om oppstart av planarbeid

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla oppstart av endring av reguleringsplan for FV57 Strandenes – Nistadlia, del av Dalsfjordvegen. Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Fjaler kommune gjere ei vesentleg endringar i planen. Vi ber med dette om innspel til arbeidet. Planen vert utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 12-3.

Skildring av tiltaket 

Gjeldande plan for utbetring av FV57 Dalsfjordvegen vart vedteken i 2020. Gjennomføring er starta opp for område Nistadlia - Holmeli, men forarbeid har vist at det er naudsynt å gjere endringar i plangrunnlaget for resterande del av planområde Holmeli - Strandanes. 

Det ønskjeleg å leggje til rette for ein kontinuerleg framdrift for utbygging. Planarbeidet vert difor gjort for denne del av planområdet og med målsetting om vedtak i løpet av 2025. 

Når framlegg til reguleringsplan er klart, vert det gjennomført ope møte eller kontordag der vi presenterer planutkastet før planen blir gjort ferdig og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette vert annonsert. 

Kartutsnitt - Varslingsområde for endring av reguleringsplan - FV57 Strandanes - Holmeli

 

 

 

 

 

 

Kartutsnitt syner strekninga mellom Strandanes – Holmeli med Gryvlevika og elva Gryvla. Raud strek er varslingsområde nå ved oppstart, men endeleg planområde kan verte redusert. Grunnen for at vi gjer det slik er både å få orientert og varsla i tilstrekkeleg omfang, og at det som utgangspunkt er satt av nok areal til forarbeid og gjennomføring av veganlegget.

 Vurdering av konsekvensutreiing 

Vestland fylkeskommune har i dialog med Fjaler kommune vurdert at det ikkje er behov for konsekvensutgreiing (KU) knytt til denne endinga av plan. 

Medverknad, deltaking og framdrift 

No ved oppstart av dette planarbeidet har vi ikkje lagt opp til offentleg møte eller liknande. Har du spørsmål som treng svar eller ønskjer meir informasjon ut over det du finn på heimesida til Vestland fylkeskommune ta kontakt med leiar for planlegginga. Det vart gjort eit varsel av oppstart for austre del av området i vinter og vi tek med oss innkomne innspel vidare.  

Annonsering og kunngjering vil normalt skje på heimesida til Fjaler kommune, Vestland fylkeskommune og lokal avis (Firda). Direkte berørte partar har vi i tillegg nærare kontakt med. 

På heimesida til Vestland fylkeskommune finn du eiga oppslag med informasjon om planarbeidet. Bruk lenka her : Fv.57 Strandanes - Holmeli,- Vestland fylkeskommune 

Send synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan 30.08.2024. 

Merk post med «FV57 Strandanes – Holmeli» og send skriftleg anten med: 

- vanleg post til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen 

- med e-post til post@vlfk.no, 

Ta gjerne kontakt 

Om dykk har spørsmål kontakt leiar for planarbeidet på telefon 91 59 04 29 eller e-post hans.kristian.dolmen@vlfk.no .

Connie Hovland
Kommunalsjef teknisk
E-post
Telefon 57 73 80 47
Mobil 91 68 20 17
Niklas Kustaa Aarnio
Arealplanleggar Teknisk kontor
E-post
Telefon 57 73 80 45