Kunngjering av vedtak - Kommuneplanen sin arealdel 2024-2036

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 vart kommuneplanen sin arealdel vedteken av kommunestyret 21. mars 2024 i kommunestyresak 021/24.

Den nye arealdelen erstattar arealdelen frå 2009. Arealdelen dekker heile kommunen, bortsett frå Dale der kommunedelplanen frå 2015 framleis gjeld.

Kommuneplanen sin arealdel vil vere eit viktig og godt styringsdokument for framtida. Den gjev langsiktige rammer for utvikling av kommunesamfunnet som heilskap samt for bruk og prioritering av arealressursane. Planen er bygd på og er i tråd med kommuneplanen sin samfunnsdel, og føresetnadane som blei fastsett i planprogrammet.

Arealdelen 2024-2036

Arealdelen består av eit plankart, føresegner og ein planomtale, i tillegg til tilhøyrande ROS-analyse og konsekvensutgreiing.

Sjå kommuneplanen sin arealdel 2024-2036 på fjaler.kommune.no

Det kan i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 ikkje klagast på eit kommunestyrevedtak om kommuneplan.

Du kan lese plan- og bygningslova på lovdata.no