Eigenberedskapsveka 2024

Den nasjonale Eigenberedskapsveka 2024 vert gjennomført i veke 44, frå 28. oktober til 3. november. 

Denne veka mottek alle husstandar i landet ei brosjyre i posten med viktig informasjon om kva du bør gjere for å førebu deg på kriser. I løpet av veka vil også Integreringstenesta dele ut brosjyra på framandspråk. 

Dei oppdaterte råda seier at du bør vere i stand til å dekke dine mest grunnleggande behov, som: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon, i minst ei veke. 

Du kan også lese råda for korleis du skal klare deg sjølv i ei krise på sikkerhverdag.no

Ei oppstilling av kva du treng for å klare deg i ei veke, dette står og i teksten som det er lekkja til over biletet. - Klikk for stort bilete DSB