Høyring - alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028

Fjaler kommune legg med dette utkast til alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028 ut på høying.  Høyringsfristen vert sett til 25. august 2024.

Etter alkohollova § 1-7 d. skal kommunane utarbeide alkoholpolitiske retningslinjer. Denne skal rullerast for kvar kommunestyreperiode.

Dei alkoholpolitiske retningslinjene har tidligare vore ein del av rusmiddelpolitisk handlingsplanen. Rusmiddelpolitiske handlingsplan vil bli revidert i 2025.

Høyringsdokument:

Utkast til alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028 for Fjaler kommune (PDF, 233 kB)

Slik sender du innspel:

Send innspel innan 25. august på 

e-post til post@fjaler.kommune.no

eller gjennom digitalt høyringsskjema på fjaler.kommune.no