Hugs å kome med innspel til trafikktryggingsplanen

Det er framleis mogleg å kome med innspel til trafikktryggingsplanen. Frist for å kome med innspel er sett til 30. mai 2025. 

Om planarbeidet

Fjaler kommune varsla oppstart av arbeid med ny trafikktryggingsplan i januar 2025. Planen skal synleggjere dei viktigaste prioriteringane for å auke trafikktryggleiken i kommunen. Målet er at planforslaget skal bli sendt ut på høyring rundt årsskiftet 2025/2026.

Korleis kan du sende inn innspel?

Vi ønsker innspel på punkt og/eller strekningar som blir opplevd som trafikkfarlege (inkludert tiltak som er meldt inn tidlegare, men er ikkje realisert). NB! Oppgje adresse eller legg ved eit kartutsnitt for punkta/strekningane.

Dersom du har innspel til planarbeidet kan du enten sende

Merk innspelet med “innspel trafikktryggingsplan” eller saksnummer 24/1732.