Har du nyleg teke over ein eigedom med jordbruksareal, må du innan eitt år avgjere om du vil drive jorda sjølv eller få andre til å drive. Dette gjeld og for arvingar i eit dødsbu. Jorda skal haldast i hevd, og hovudregelen er at alt jordbruksareal skal haustast årleg. Bruk av beitepussar aleine er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle driveplikta. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan i visse tilfelle gje fritak frå driveplikta og frå kravet om 10 år leigekontrakt.
Formålet med driveplikt
I Noreg er berre 3 % av landarealet jordbruksareal. Eigarar av jordbruksareal har difor eit viktig forvaltaransvar. Sjølve føremålet med driveplikta er at matproduksjonen vår skal sikrast ved at jordbruksareala er i kontinuerleg drift. Driveplikta gjeld for alt jordbruksareal uavhengig av storleiken på arealet. Jordbruksareal er definert som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Leige av jordbruksareal
Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Ein føresetnad for at driveplikta kan oppfyllast ved bortleige er at eigar og leigetakar skriv ein avtale på 10 år. Eigar har ikkje høve til å seie opp denne avtalen. Avtalen kan fornyast etter ti år. Avtalen må vere skriftleg, og kopi av avtalen skal sendast til kommunen. I visse tilfelle kan ein få fritak frå kravet om 10 års kontrakt, typiske døme på dette er at eigedomen om kort tid skal få ny eigarar.
Fritak frå driveplikta
Dersom grunneigar ikkje driv sjølv, eller får leigd ut areala sine, må det søkjast om fritak frå driveplikta. Kommunen handsamar søknaden og kan gje fritak for ei viss tid. I ei slik avgjerd skal kommunen leggje vekt på:
* Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
* Storleiken på arealet
* Avkastingsevne
* Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området
* Eigar sin livssituasjon
Det kan bli sett krav til skjøtsel av arealet (beitepussing) dersom fritak vert innvilga.
Brot på driveplikta
Dersom jordbruksareala ikkje vert drivne i samsvar med lova, kan kommunen gje pålegg om at jorda skal leigast ut for inntil 10 år.
Her finn du meir info: Brosjyre driveplikt