Ope frukostmøte om samfunnsutvikling i Dale

Fjaler næringsutvikling og Fjaler kommune inviterer til frukostmøte på Samvirket onsdag 26. februar kl. 07.30-09.30. Temaet for møtet er samfunnsutvikling i Dale. 

Program for møte

Kl. 07.30-08.00 Frukostservering

Kl. 08.00-09.30 Informasjon om pågåande planarbeid og gruppearbeid

  • Informasjon frå kommunedirektør om det nye samfunnsutviklingsselskapet Nytta AS
  • Informasjon om kva planar som ligg på høyring
  • Kva ligg i gjeldande kommunedelplan for Dale frå 2015
  • Kvifor er det viktig å kome med innspel tidleg i prosessen
  • Innspelsrunde gjennom gruppearbeid