Oppheving av reguleringsplanar - Varsel om oppstart

Regulerinsplanar - Klikk for stort bileteReguleringsplanar

Fjaler kommune har starta arbeid med oppheving av reguleringsplanar som er eldre enn 10 år og varslar med dette oppstart på planarbeidet. 

Reguleringsplanar er gjennomgått og vurdert som ein del av arealplanarbeidet. Der er vurdert at 22  av 32 reguleringsplanar bør opphevast, og det leggjast fram ei eiga sak etter pbl §12-14 på bakgrunn av dette. Prosessen må difor følgje dei ordinære sakshandsamingsreglane som for utarbeiding av ein ny reguleringsplan med varsel om oppstart, 1. gangs handsaming, høyringsperiode og slutthandsaming. Reguleringsplanar i Dale er ikkje vurdert då desse ikkje er ein del av kommuneplanens arealdel, men kommunedelplan for Dale.

Vi ser det som hensiktsmessig å starte arbeidet med oppheving av reguleringsplanar samstundes med kommuneplanens arealdel, då vurderingar av reguleringsplanar har fått eit slikt utfall at mange reguleringsplanar vert råka. Grunneigarar får dermed ei større moglegheit til å påverke arealplanprosessen når ein varslar oppheving av reguleringsplanen samstundes.

Arbeidet med vurdering av reguleringsplanar har ført til større endringar i kommuneplanens arealdel som resulterer i eit oppdatert plangrunnlag i arealdelen. Dette vil tene kommunen og grunneigarane godt gjennom enklare sakshandsaming i dei fleste områder. Samt er plangrunnlaget i større grad oppdatert i henhold til overordna retningslinjer.

Vurderinga av reguleringsplanar vart gjort etter 3. gongs høyring etter avtale med statsforvaltar. Dei har fått det dokumentet på høyring 06.07.23 og vil komme med uttale på dette i løpet av sommaren 2023. Resultat av vurderinga vil komme med i framlegg til kommuneplanens arealdel som vert 4. gongs handsama hausten 2023. Vi ynskjer difor å få mest mogleg innspel på oppheving av reguleringsplanar gjennom dette varselet, slik at dykkar innspel kan vurderast i løpet av sommaren og vi har moglegheit til å gjere endringar i framlegget til arealplan som kjem på høyring hausten 2023.

 

Bakgrunn

I arealplanprosessen vart alle reguleringsplanar som vart eldre enn 10 år i løpet av 2023 i kommunen vurdert, utanom reguleringsplanar i kommunedelplan for Dale. Både plankartet og føresegnene til reguleringsplanane vart vurdert opp mot kor gode dei var som styringsverktøy, kor oppdaterte dei var, kor godt bygningar, tomter, tiltak og vegar i planområdet stemte med formål, om planen var i tråd med samfunnsdelen og om området i det heileteke var utbygd. Områda som ikkje var fullstendig utbygd vart også vurdert opp mot fagtema for miljø. Det viste seg at mange av reguleringsplanane som vart vurdert var vanskelege å byggje ut utan dispensasjonssøknad, og at det ikkje var utbygd i samsvar med planen. Nokre av planane kan vere greie å handsame ut i frå, men er i strid med overordna retningslinjer. Fullstendig vurdering for kvar plan er gjort i vedlagt vurdering av reguleringsplanar.

Ved opphevinga vart det vurdert om det var hensiktsmessig å leggje inn eit areal for å erstatte reguleringsplanen. I dei fleste tilfelle er det føreslått eit tilsvarande føremål som tek omsyn til eksisterande bygningar og anlegg. Kva som er foreslått formål på område der reguleringsplanen er oppheva er vist i vedlagt vurdering av reguleringsplanar.

 

Reguleringsplanar som er føreslått oppheva

Reguleringsplanar som er føreslått oppheva
Reguleringsplan PlanID . Reguleringsplan PlanID
Kysneset (inklusiv delplanar) 197401 Kyraneset (Fure) gbnr 234/12 200104
Korssund 197702 Steinseth – Høgeli 200301
Hellevik gravplass/kapell 198301 Korssund R. Skår 200401
Haugland 199301 Furset del av gbnr. 235/6 200403
Fureneset industri 199401 Jensbua 200601
Norddalen/indre Norddal 199601 Folkestad 200805
Steiestølen/Hogsdalen 199602 Deponi Skadal 201002
Åsnes 199902 Kjørlevika (gjenbruksstasjon) 201101
Korssund I. Skår 200002 Steinseth 201102
Furset gbnr. 235/4 200102 Kjøsnes 24/12 201103
Løykjevika 200103 Lutelandet energipark 201104

 

Rettsverknad

Reguleringsplanane vil framleis gjelde fram til kommuneplanens arealplan er vedteke då vi legg opp til vedtak av denne før vedtak av oppheving av reguleringsplanar. Arealdelen blir då gjeldande ovanfor reguleringsplanen på områder med reguleringsplan som er føreslått oppheva.

Plandokument

Prosessen med oppheving av reguleringsplanar tek hovudsakleg utgangspunkt i følgjande dokument:

Vurdering av reguleringsplanar (PDF, 7 MB)

Innspel

Merknadar og uttalar kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 13.08.2023.