Vil du påverke korleis Dale skal sjå ut i framtida?

Har du innspel på framtidig arealbruk i Dale? Fjaler kommune har utsett fristen for å kome med innspel på kommunedelplan for Dale. Fristen er no 30. mars 2025. 

Bildet viser Melkeveien i Dale sentrum på ein sommardag. - Klikk for stort bilete

Kvifor bør du kome med innspel allereie no?

Fjaler kommune har varsla oppstart av arbeid med revisjon av kommunedelplan for Dale. Kommunedelplanen skal legge langsiktige føringar for framtidig arealbruk i Dale, og det er svært viktig at vi får inn innspel i tidleg fase av planarbeidet. Dersom du har forslag til nye tiltak eller endringar i arealføremål, ønsker vi at du kjem med innspel no. 

 Sjå den gjeldande planen frå 2015 på kommunen si heimeside.

Korleis kan du kome med innspel?

Dersom du har innspel til planarbeidet, kan du sende det innan 30. mars 2025 på ein av følgande måtar:

Merk innspel med saksnummer: 24/1683.