Er du vaksen og vil bli helsefagarbeidar?

No kan du søkje om plass på helsefagarbeidar studie for vaksne på Dale vidaregåande skule. Målgruppa for tilbodet er først og fremst framandspråklege vaksne som ønskjer å få seg jobb innanfor helsevesenet i Norge.

Vil du påverke korleis Dale skal sjå ut i framtida?

Har du innspel på framtidig arealbruk i Dale? Fjaler kommune har utsett fristen for å kome med innspel på kommunedelplan for Dale. Fristen er no 30. mars 2025. 

Har du ein godkjend bustad som du ynskjer å leige ut?

Fjaler kommune har behov for fleire bustader til flyktningar. Har du ein godkjend bustad du vil leige ut kan du registrere den i skjema eller ta kontakt med oss på e-post eller telefon. Registreringa er ikkje bindande. 

Oppstart av arbeid med ny trafikktryggingsplan

Fjaler kommune har starta arbeidet med å revidere trafikktryggingsplanen. Du kan no gje innspel på fysiske tiltak som kan bidra til å betre trafikktryggleiken i kommunen.

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn har starta opp

Nav kontora i Fjaler, Høyanger, Hyllestad og Sunnfjord er frå januar slått saman til eit Nav kontor, Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Kontoret har lokasjonar i alle kommunane.

Søk barnehageplass innan 01. mars

Det er ledige barnehageplassar frå hausten 2025. Kommunale og private barnehagar har samordna opptak med felles søknadsstad og fristar. 

Strøsand til privat hushald

Du kan ta med deg bøtte/stamp og hente gratis strøstand til privat hushald følgande stader:  

Oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale og høyring av forslag til planprogram

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale. Samstundes blir forslag til planprogram lagt ut på høyring. Frist for å kome med innspel er sett til 30. mars 2025. 

Oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og høyring av forslag til planprogram

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel. Samstundes blir forslag til planprogram lagt ut på høyring. Frist for å kome med innspel er sett til 30. mars 2025. 

Kjære Fjalerbuarar

Når vi no nærmar oss slutten på eit år og ser fram til ei fredfull juletid, vil eg som ordførar få nytte høvet til å sende ei varm helsing til alle i Fjaler.